Erstatningskrav etter misbruk av BankID

Høgsteretts dom 22. oktober 2020, HR-2020-2021-A, (sak nr. 20-006911SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Amund Noss), Forbrukarrådet (partshjelpar) (advokat Asle Bjelland) mot Brabank ASA (advokat Kjetil Vangsnes)

Dommarar: Indreberg, Webster, Noer, Arntzen, Bergh

Ein mann blei frifunnen for eit erstatningskrav sett fram av ein bank som hadde utbetalt eit forbrukslån på 100 000 kroner til personar som hadde misbrukt BankID-en hans.

Det var ukjent korleis misbrukarane hadde fått tilgang til passordet. Høgsterett kom etter ei konkret vurdering til at det ikkje var sannsynsovervekt for at det hadde skjedd som følge av at innehavaren av BankID-en hadde opptredd uforsiktig.

Høgsterett kom til at mannen kunne bebreidast for måten kodebrikka var oppbevart på. Han hadde hatt han i eit ulåst skap på ein kontorplass på arbeidsstaden gjennom ein lengre periode, også medan han var bortreist på ferie. Ein av misbrukarane og fleire andre hadde tilgang til kontorplassen.

Høgsterett la likevel vekt på at banken hadde valt å inngå avtale om lån med eit beløp som for ein enkeltperson er betydeleg, utelukkande basert på bruk av BankID. Banken hadde hatt høve til å gjennomføre ytterlegare kontrolltiltak før lånebeløpet blei utbetalt. Høgsterett fann derfor at det ikkje var grunnlag for å seie at mannen kunne påleggast erstatningsansvar fordi han hadde handla aktlaust.

Avgjerda bidrar til å klargjere dei rettslege utgangspunkta som gjeld ved krav om erstatning etter misbruk av BankID.

Les heile avgjerda her.