Krav om oppheving av vedtak om omsorgsovertaking

Høgsteretts dom 28. oktober 2020, HR-2020-2081-A, (sak nr. 20-000266SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Sveinung Eliassen) mot X kommune (advokat Frode Lauareid)

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bull, Arntzen, Bergh

Eit fire år gammalt barn var fødd med ein alvorleg hjartefeil og hadde derfor heilt spesielle omsorgsbehov som stiller store krav til omsorgspersonane. Høgsterett fann at mor ikkje er i stand til å ivareta dei heilt grunnleggande omsorgsbehova til barnet, heller ikkje med omfattande hjelpetiltak. Det var da «overveiende sannsynlig at barnets helse eller utvikling kan bli alvorlig skadd» dersom omsorgsvedtaket blei oppheva. I ein slik situasjon måtte omsynet til mors interesser vike og vedtaket om omsorgsovertaking bli ståande, jf. barnevernlova § 4-12 første ledd bokstav d.

Høgsterett fann vidare at samvær seks gonger i året over to dagar à to timars varigheit, slik det var fastsett av lagmannsretten, burde vidareførast. Ei slik samværsordning legg til rette både for gode samvær med noko djupare kontakt og dessutan for lengre periodar med ro og stabilitet for barnet i fosterheimen. Med tanke på helsetilstanden til barnet var det verken grunnlag for hyppigare eller meir langvarige samvær. Vilkåret fastsett i lagmannsretten om at samværa skulle skje i tilknyting til fosterheimen blei også vidareført.

Høgsterett tok utgangspunkt i HR-2020-662-S når det gjeld den generelle rettslege gjennomgangen av omsorgsovertakingar og fastsetting av samvær. Avgjerda er konkret og bygger på rettslege avklaringar mellom anna i den i nemnde storkammerdommen.

Les heile avgjerda her.