Frist for å revidere yrkesskadeforsikringsoppgjer
Høgsteretts dom 4. desember 2020, HR-2020-2332-A, (sak nr. 20-026604SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
A (advokat Robin Pedersen Brauti) mot Gjensidige Forsikring ASA (advokat Kjell Mandal)
Dommarar: Skoghøy, Bull, Arntzen, Østensen Berglund, Steinsvik
Saka gjaldt spørsmål om eit avtalt oppgjer under ei yrkesskadeforsikring kunne krevjast revidert i medhald av avtalelova § 36 etter at femårsfristen i yrkesskadeforskrifta § 5-1 om etteroppgjer var utløpt.
Den skadelidne blei i 2001 påført alvorlege brannskadar i ei arbeidsulykke. I 2005 blei ho innvilga tidsavgrensa uførepensjon basert på ein ervervsmessig uføregrad på 60 prosent, og ho fekk utbetalt yrkesskadeerstatning basert på same uføregrad. Ti år seinare blei ho sjukmeld på grunn av ulike helseplager og større smerter etter skaden. Ho blei innvilga full uførepensjon i 2016 og fremma deretter krav om revisjon av erstatningsoppgjeret. Høgsterett kom til at det ikkje var høve til å krevje revisjon.
Etter yrkesskadeforskrifta § 5-1 kan det gjennomførast eit etteroppgjer innan fem år etter det opphavlege erstatningsoppgjeret dersom kravet er grunngitt i ei vesentleg forverring av den ervervsmessige uføregraden eller den medisinske invaliditeten. Høgsterett la til grunn at ordlyden i yrkesskadeforskrifta § 5-1, halden saman med forarbeida til denne og to seinare lovutgreiingar, inneber at føresegna uttømmande regulerer høvet til etteroppgjer når kravet er grunngitt i forhold som går fram av føresegna. Når høvet til avtalerevisjon er særskilt regulert i lov eller forskrift, kan ikkje avtalelova § 36 eller ulovfesta reglar om brestande føresetnader gjerast gjeldande som alternativ. Dersom eit krav om etteroppgjer er grunngitt i andre forhold enn dei som er regulerte i forskrifta § 5-1, for eksempel tilbliingsmanglar ved avtalen, vil derimot alminnelege avtalerettslege reglar kunne komme til bruk.
Avgjerda gir rettleiing for korleis ein skal forstå yrkesskadeforskrifta § 5-1.