Frist for å fremsette krav om standarderstatning ved forsinkede flyreiser
Høgsteretts dom 14. desember 2020, HR-2020-2401-A, (sak nr. 19-186250SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
Svenn Nilsen (advokat Christina Doreen Steimler), Forbrukarrådet (partshjelpar) (advokat Erlend Haaskjold) mot Finnair Oyj (advokat Runar Hansen, advokat Aage Krogh), NHO Luftfart (partshjelpar) (advokat Tage Brigt Andreassen Skoghøy)
Dommarar: Øie, Noer, Kallerud, Ringnes, Thyness
Saka gjaldt eit krav om standarderstatning etter at ein flypassasjer kom til Noreg frå Thailand noko over tre timar etter rutetidspunktet.
Flyselskapet avslo kravet under tilvising til at slike krav må settast fram innan rimeleg tid, noko dei meinte innebar at kravet måtte meldast innan to månader.
Høgsterett la til grunn at det utanfor dei lovregulerte tilfella ikkje gjeld nokon generell regel om reklamasjonsplikt i norsk kontraktsrett. Om det gjeld ei reklamasjonsplikt for ein kontrakt, må det i slike tilfelle løysast med utgangspunkt i dei omsyna som gjer seg gjeldande i det enkelte typetilfellet.
Når det gjaldt standarderstatning ved forseinka flyreiser, kom Høgsterett til at det ikkje var grunnlag for å stille opp ei reklamasjonsplikt på ulovfesta grunnlag, og flypassasjeren fekk medhald i kravet sitt.