Betydninga av ordet «hjemland» i flyktningføresegna

Høgsteretts dom 14. desember 2020, HR-2020-2408-A, (sak nr. 20-066548SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Georg Schjerven Hansen), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (partshjelpar) (advokat Christian Hauge) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Kjelstrup Emberland)

Dommarar: Webster, Normann, Bull, Falch, Steinsvik

Saka gjaldt gyldigheita av eit vedtak frå Utlendingsnemnda (UNE) der eit krav om omgjering av avslag på asyl ikkje blei tatt til følge. Det gjaldt særleg korleis en skulle forstå omgrepet «hjemland» i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a (dissens 3–2).

Klagaren hadde etter fleire avslag på søknaden om asyl lagt fram eit eritreisk pass utferda av Eritreas ambassade i Stockholm. UNE la til grunn at dette formelt gav henne statsborgarskap i Eritrea frå da av, men opprettheldt likevel tidlegare avslag.

Høgsterett kom til at statsborgarskap – for dei som ikkje er statslause – som hovudregel skal leggast til grunn ved fastlegging av «hjemland» i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a og «the country of his nationality» i flyktningkonvensjonen artikkel 1 A nr. 2. I tråd med formålet i flyktningkonvensjonen måtte det likevel tolkast inn ein misbruksreservasjon. I slike tilfelle ville statsborgarskap ikkje vere avgjerande for kva som er heimlandet til klagaren, men måtte bygge på ei meir samansett vurdering. Når UNEs vedtak bygde på at det i denne saka låg føre misbruk, var det framleis den breiare vurderinga UNE hadde gjort, som var avgjerande. Ei slik vurdering tilsvarte det fleirtalet meinte følgde av at omgrepet «hjemland» i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a i tråd med formålet i flyktningkonvensjonen i misbrukstilfella må tolkast innskrenkande. Anken blei etter dette forkasta.

Mindretalet var einig i at ein må forstå flyktningkonvensjonen artikkel 1 A nr. 2 og utlendingslova § 28 første ledd bokstav a slik at det gjeld ein misbruksreservasjon, men denne bygde på ei breiare vurdering enn ei vurdering av «hjemland» og «the country of his nationality». UNE hadde heller ikkje brukt ei slik breiare vurdering. Vedtaket måtte da opphevast.

Avgjerda gir rettleiing for korleis ein skal forstå omgrepet «hjemland» i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a.

Les heile avgjerda her.