Forbodet mot seksuell trakassering
Høgsteretts dom 22. desember 2020, HR-2020-2476-A, (sak nr. 20-027579SIV-HRET) og (sak nr. 20-027583SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
I
A (advokat Tina Storsletten Nordstrøm), Fellesforbundet (partshjelpar) (advokat Lars Olav Skårberg) mot B (advokat Nicolay Skarning)
II.
C (advokat Hedvig Cecilie Svardal) (Rettsleg medhjelpar: advokat Jan-Erik Sverre) mot A (advokat Tina Storsletten Nordstrøm), Fellesforbundet (partshjelpar) (advokat Lars Olav Skårberg)
mmarar: Bull, Falch, Bergh, Thyness, Steinsvik
Ein ung kvinneleg industrimekanikar hadde reist søksmål mot to kundar av bedrifta ho arbeidde i, med krav om erstatning og oppreisning på grunn av seksuell trakassering. For lagmannsretten gjaldt saka også krav mot arbeidsgivarselskapet, som blei dømt til å betale erstatning.
Spørsmålet for Høgsterett var om dei to kundane hadde brote forbodet mot seksuell trakassering i likestillingslova 2013 § 8, vidareført i gjeldande likestillings- og diskrimineringslov § 13.
Den eine kunden hadde ved eitt tilfelle lagt hendene under genseren på nedre del av ryggen til kvinna, og ved eit seinare tilfelle hadde han latt som om han skulle ta henne i skrittet. Den andre kunden hadde over tid oppsøkt kvinna og mellom anna fleire gonger kilt henne i midja. Handlingane skjedde medan kvinna var i arbeid som einaste kvinnelege tilsette på ein mekanisk verkstad med 15 tilsette.
Høgsterett kom til at begge kundane hadde utsett kvinna for seksuell trakassering. Åtferda frå begge kundane var seksuelt betona, uønskt og plagsam for kvinna. Dei blei dømde til å betale oppreisningserstatning med høvesvis 15 000 og 20 000 kroner.
Dommen gir rettleiing om den nedre grensa for forbodet mot seksuell trakassering.