Godtgjering til verjer som er advokatar

Høgsteretts dom 22. desember 2020, HR-2020-2478-A, (sak nr. 20-082355SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Vigdis Brandstorp (advokat Helge Skaaraas) mot Staten v/Justis- og Beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Erlend Baldersheim)

Dommarar: Bull, Falch, Bergh, Østensen Berglund, Thyness

Ein advokat var oppnemnd som hjelpeverje etter verjemålslova av 1927 og hadde etter langvarig praksis fått godtgjering for oppdraget på grunnlag av den offentlege salærsatsen for advokatar.

Etter at den nye verjemålslova av 2010 tredde i kraft, varsla Fylkesmannen at advokatar som var verjer, berre kunne halde fram dersom oppdraga kravde juridisk kompetanse eller advokaten aksepterte godtgjering etter dei mindre gunstige standardsatsane i verjemålsforskrifta.

Høgsterett kom til at den etablerte praksisen for berekning av godtgjering for verjeoppdraga kunne krevjast endra med rimeleg varsel. Advokaten kunne derfor ikkje krevje å få halde fram som verje med krav på godtgjering etter den offentlege salærsatsen for advokatar.

Les heile avgjerda her