Gruppesøksmål med krav om prisavslag for mangelfull forvaltning av aksjefond
Høgsteretts dom 27. februar 2020, HR-2020-475-A, (sak nr. 19-103417 SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
DNB Asset Management AS (advokat Frode Andersen Innjord) mot Forbrukerrådet (grupperepresentant) (advokat Jens-Henrik Lien og Steinar Mageli)
Dommarar: Øie, Falkanger, Falch, Bergh, Steinsvik
Høgsterett forkasta anken frå DNB Asset Management AS i sak mot Forbrukerrådet på vegne av 180 000 deleigarar i tre aksjefond.
Deleigarane kravde prisavslag i forvaltningshonoraret fordi DNB si forvaltning av fonda ikkje hadde vore tilstrekkeleg aktiv og dermed mangelfull.
Høgsterett kom etter ei konkret tolking av fondsvedtektene og anna investorinformasjon til at forvaltninga av fonda ikkje hadde vore i samsvar med den inngåtte avtalen med deleigarane. Fonda var ikkje forvalta slik at deleigarane hadde fått den finansielle risikoeksponeringa – og dermed moglegheita for meiravkastning ut over referanseindeksen til fonda – som dei hadde betalt for.
Høgsterett fann vidare at vilkåra for prisavslag var oppfylt, sjølv om det ikkje var mogleg å påvise ein marknadspris for den mangelfulle ytinga. Prisavslaget vart skjønnsmessig sett til 0,8 prosent av dei enkelte gruppemedlemma sin del i fondet.
Dommen har betydning for tolkinga av avtalar om fondsforvaltning mellom finansføretak og ikkje-profesjonelle investorar.