Tolking av standard morselskapsgaranti med heimel i petroleumslova

Høgsteretts dom 20. mars 2020, HR-2020-611-A, (sak nr. 19-120229SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Skeie Technology AS (advokat Kyrre Eggen) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ole Kristian Rigland) (Rettsleg medhjelpar: advokat Anders Flaatin Wilhelmsen)

Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg, Steinsvik

Høgsterett kom til at morselskapsgarantien ikkje dekker eit krav som staten har mot dotterselskapet på tilbakebetaling av urettmessig utbetalt leiterefusjon. Morselskapet vart difor frifunnen.

I samband med at dotterselskapet i 2008 vart tildelt utvinningsløyve etter petroleumslova, underteikna morselskapet ein garanti til fordel for staten, jf. petroleumslova § 10-7. I 2009 og 2010 fekk dotterselskapet utbetalt skatteverdien av leitekostnader til kjøp av seismikk (leiterefusjon) på omkring 325 millionar kroner. Det vart seinare avgjort at dotterselskapet ikkje hadde krav på leiterefusjonen, fordi hovudføremålet med seismikkjøpet var å få utbetalt leiterefusjon, ikkje å leite etter petroleum. Staten kravde difor leiterefusjonen tilbakebetalt, noko dotterselskapet ikkje har gjort opp. Staten fremja difor krav under morselskapsgarantien.

Garantien dekker blant anna plikter dotterselskapet «har påtatt seg» overfor staten. Same formulering går fram av petroleumslova § 10-7, som gir staten rett til, som konsesjonsvilkår, å krevje at det vert stilt garanti.

Høgsterett kom til at dette berre dekker dei pliktene dotterselskapet har påtatt seg i eigenskap av rettshavar. Dette inneber at dei pliktene dotterselskapet har påtatt seg utanfor utvinningsløyva, fell utanfor garantien. Når den innkjøpte seismikken dekka andre geografiske område enn dotterselskapets utvinningsløyve omfatta, fell statens tilbakebetalingskrav utanfor garantien, og også utanfor dei rammene § 10-7 set. Høgsterett tok ikkje stilling til om statens skattekrav heilt generelt fell utanfor garantien – og lova –  sitt dekningsområde.

Ein dommar dissenterte og kom til at staten kunne krevje det aktuelle tilbakebetalingskravet av morselskapet under garantien. Etter mindretalets syn omfattar garantien plikter rettshavaren har påtatt seg gjennom tildelte løyve og i medhald av den til ei kvar tid gjeldande reguleringslovgjevinga for petroleumsverksemda.

Dommen gir rettleiing for korleis denne morselskapsgarantien, som staten har nytta nærmast konsekvent sidan 1970-talet, skal verte forstått i lys av heimelen i petroleumslova § 10-7.

Les heile avgjerda