Omsorgsovertaking og fastsetting av samvær
Høgsteretts dom 27. mars 2020, HR-2020-662-S, (sak nr. 00-000000SIV-HRET), anke over X lagmannsretts dom 24. juni 2019
A, B (advokat Anders Brosveet) mot Y kommune (advokat Mette Yvonne Larsen) (Rettsleg medhjelpar: advokat Bendik Falch-Koslung), KS (partshjelpar) (advokat Frode Lauareid). Møte i saka i medhald av tvistelova § 30-13: Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Emberland), (Rettsleg medhjelpar: advokat Henriette Lund Busch)
Dommarar: Øie, Matningsdal, Møse, Matheson, Falkanger, Normann, Bull, Kallerud, Ringnes, Bergh, Østensen Berglund
Spørsmåla for Høgsterett var om vilkåra for omsorgsovertaking var oppfylte, og kva samvær dei biologiske foreldra og barnet i tilfelle skulle ha. Retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8, stod sentralt.
Det same gjorde praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), særleg storkammerdom 10. september 2019 Strand Lobben mot Noreg og seinare praksis frå domstolen.
Høgsterett opprettheldt omsorgsovertakinga, men samværet blei auka frå fire til åtte gonger i året. Avgjerda var samrøystes.
Saka blei behandla av Høgsterett i storkammer saman med andre saker om barnevern (HR-2020-661-S og HR-2020-663-S). Alle sakene blei avgjorde same dag.
Omsorgsovertaking
Høgsterett strekar under at omsynet til det beste for barnet er av overordna betydning i barnevernssaker. Som utgangspunkt må det leggast til grunn at det er best for barnet å bu hos foreldra sine. Dette gjeld likevel ikkje alltid, og der interessene til barnet og interessene til foreldra er i konflikt, må myndigheitene finne ein rimeleg balanse mellom dei. I denne balanseringa skal det leggast særleg vekt på omsynet til det beste for barnet.
Barnevernlova stiller strenge krav for omsorgsovertaking. Dette er i samsvar med praksis frå EMD, som har halde fram at det berre kan skje heilt unntaksvis – «in very exceptional circumstances». Det må først vurderast om mindre inngripande tiltak heller kan settast inn. Avgjerda må vere basert på eit tilstrekkeleg og oppdatert grunnlag og ei balansert og tilstrekkeleg brei avveging og ha ei tilfredsstillande grunngiving. Ved avgjerder om å overta omsorga for eit barn har myndigheitene plikt til å legge til rette for gjenforeining med foreldra så snart som rimeleg mogleg.
For å avgjere spørsmålet om omsorgsovertaking var det ikkje nødvendig for Høgsterett å ta stilling til om det var gjort eventuelle feil tidlegare i saka, med mindre feila kunne hatt betydning for vurderinga av situasjonen på domstidspunktet. Det same måtte gjelde eventuelle krenkingar av EMK.
Høgsterett kom til at vilkåra for omsorgsovertakinga var oppfylte. Det blei vist til at barnet var særleg sårbart, og til at mor og far – verken kvar for seg eller i fellesskap – evna å gi det forsvarleg omsorg. Vilkåra for omsorgsovertaking i barnevernlova var oppfylte, og omsorgsovertakinga oppfylte dei krava EMK og konvensjonspraksis stiller for slike inngrep.
Samvær
Foreldre og barn har rett til samvær, og fastsettinga av omfang må ta utgangspunkt i at omsorgsovertakinga skal reknast som mellombels – enten overtakinga er heilt kortvarig eller må påreknast å bli meir langvarig. Samværet må vere slik at banda mellom foreldre og barn kan styrkast og utviklast, og at det dermed blir lagt til rette for at foreldre og barn kan gjenforeinast. Myndigheitene kan likevel ikkje fastsette eit samvær som utset barnet for urimeleg belastning. Med jamne mellomrom må det undersøkast om samværet bør endrast.
Det kan ikkje stillast opp noka standardnorm for kva omfang samværet skal ha. Fastsettinga må skje ut frå ei konkret vurdering i kvar sak, med utgangspunkt i gjenforeiningsformålet.
Ein kan berre gi opp formålet om gjenforeining – med den verknaden at samværet fell bort eller blir sterkt avgrensa – dersom det ligg føre spesielle og sterke grunnar. Sjølv om ein gir opp gjenforeiningsformålet, vil samvær kunne ha ein eigenverdi.
Med utgangspunkt i at gjenforeiningsformålet ikkje var oppgitt, vurderte Høgsterett konkret kor mykje samvær ein skulle gi. Det blei forsøkt å finne ein rimeleg balanse mellom interessene til foreldra og interessene til barnet. Samværet blei på denne bakgrunnen auka frå fire til åtte gonger i året. Det blei antatt at hyppigare samvær ville kunne påføre barnet urimelege belastningar. Som i tidlegare instansar blei lengda på dei enkelte samværa sett til to timar.