Spørsmål om tolegrensa etter servituttlova § 2

Høgsteretts dom 12. november 2020, HR-2020-2186-A, (sak nr. 20-029183SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Carl Otto Løvenskiold, Norges Skogeierforbund (partshjelpar), Norskog (partshjelpar) (advokat Jarle Wallevik Holstrøm) mot Åge Dagfinn Skogheim (advokat Peter Vagle)

Dommarar: Matningsdal, Noer, Ringnes, Bergh, Steinsvik

Carl Otto Løvenskiold, som eig Nordmarksgodset, har rett til å køyre tømmerbilar og andre køyretøy gjennom tunet på Stryken gård i samband med industriell skogsdrift på eigedommane sine i Lunner kommune. Tømmertransporten skjer både helger, kveldar og netter og fører med seg støy- og støvplager for Stryken gård.

Lagmannsretten hadde komme til at bruken overstig tolegrensa i servituttlova § 2, som bestemmer at ein servitutt ikkje må brukast slik at han er urimeleg til skade eller ulempe for eigedommen. For at bruken ikkje skal overskride tolegrensa, hadde lagmannsretten fastsett grenser for køyring helger, kveldar og netter.

Høgsterett uttalte at ulempene for Stryken gård tilseier at tolegrensa er overskriden, men at lagmannsretten ikkje hadde vege ulempene og grensene for køyring opp mot konsekvensane for Løvenskiold. Da Høgsterett ut frå bevisa i saka ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gjere desse vurderingane, blei lagmannsrettsdommen delvis oppheva.

Høgsterett kom vidare til at servituttlova § 2 gir heimel for å få dom for grenser for utøvinga av ein servitutt når det er nødvendig for at bruken ikkje skal overskride tolegrensa.

Dommen gir rettleiing for vurderinga av tolegrensa etter servituttlova § 2 og avklarer kva heimel domstolane har til å bestemme nærmare utøvinga av positive servituttar.

Les heile avgjerda her.