Domfelling for drap og grovt ran: Spørsmål om dokumentinnsyn og om spesialitetsprinsippet i utleveringskonvensjonen av 1957

Høgsteretts dom 12. mai 2020, HR-2020-1001-A, (sak nr. 20-007082STR-HRET), straffesak anke over dom

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Sturla Henriksbø)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Normann, Ringnes, Falch

Den domfelte var blitt utlevert frå Bulgaria til Noreg på grunnlag av sikting for drap. Seinare blei det også tatt ut tiltale for grovt ran utført i samband med drapet, og den domfelte blei dømd for begge forholda.

Høgsterett meinte at domfellinga for ran var i strid med spesialitetsprinsippet i utleveringskonvensjonen, som bestemmer at ein person ikkje kan tiltalast og domfellast for eit tidlegare lovbrot som ikkje var omfatta av utleveringsgrunnlaget. I dette tilfellet hadde bulgarske myndigheiter likevel i ettertid gitt samtykke til utlevering for ran. Under tilvising til praksis frå EU-domstolen og tilsvarande reglar som gjeld ordninga med europeisk arrestordre, kom Høgsterett til at det etterfølgande samtykket reparerte feilen.

Feilen hadde ikkje verka inn på dommen til skade for den domfelte, og det var ingen manglar ved domsgrunnane til lagmannsretten når det gjaldt domfellinga for grovt ran.

Medan den domfelte var varetektsfengsla, blei det innleidd skjult etterforsking mot han for drapsforbund og truslar. Forsvararen var ikkje kjend med dokumenta i desse sakene da ankesaka blei behandla i lagmannsretten.

Høgsterett kom til etterforskingsdokumenta ikkje var dokument i same sak som ankesaka for lagmannsretten, og at det heller ikkje var underbygd at opplysningane hadde betydning for avgjerda av skyld- eller straffespørsmålet.

Den domfelte hadde da ikkje rett på dokumentinnsyn etter straffeprosesslova § 264 første og åttande ledd. At påtalemakta ikkje hadde opplyst at eit av vitna hadde meldt truslar mot seg, var etter ei konkret vurdering heller ikkje ein saksbehandlingsfeil.

Dommen avklarer korleis ein skal forstå artikkel 14 i utleveringskonvensjonen og innsynsretten etter straffeprosesslova § 264 åttande ledd.

Les heile avgjerda her