Psykiatrisk sakkunnige var inhabile

Høgsteretts dom 2. juni 2020, HR-2020-1140-A, (sak nr. 19-180283STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Leif Aleksandersen)

Dommarar: Møse, Falkanger, Ringnes, Falch, Høgetveit Berg

Straffedommen i lagmannsretten og tingretten blei oppheva fordi begge dei psykiatrisk sakkunnige var inhabile etter straffeprosesslova § 142, jf. domstollova § 108.

Bakgrunnen var at den eine sakkunnige også hadde vore oppnemnd i 2001 i ei anna sak mot tiltalte. Den gongen blei den tiltalte dømd til fengselsstraff, som han sona. Seinare blei saka og fleire andre saker tatt opp på nytt, fordi ei ny rettspsykiatrisk erklæring i 2007 konkluderte med at den tiltalte hadde vore utilrekneleg sidan 1990-talet. Den tiltalte blei etter ny behandling frifunnen i desse sakene.

Høgsterett slo fast at utgangspunktet er at ein sakkunnig ikkje er inhabil fordi han/ho har vore oppnemnd i ei tidlegare sak mot den tiltalte. Men i dette tilfellet hadde erklæringa frå den sakkunnige seinare blitt fråviken, med det som følge at den tiltalte hadde sona ei straff han ikkje skulle ha sona. Belastninga hadde vore stor i lys av den psykiske lidinga den tiltalte hadde. I denne særlege situasjonen vil omverda ha rimeleg og sakleg grunn til å tvile på at den sakkunnige var upartisk.

Når den eine sakkunnige var inhabil, ramma dette også den andre sakkunnige. Dei to hadde arbeidd saman om felles erklæringar.

Les heile avgjerda her.