Spørsmål om forvaring ved domfelling for drapsforsøk

Høgsteretts dom 10. juni 2020, HR-2020-1218-A, (sak nr. 19-191016STR-HRET), straffesak, anke over dom

Påtalemakta (statsadvokat Alvar Randa) mot A (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Indreberg, Webster, Kallerud, Arntzen, Steinsvik

Etter anke frå påtalemakta fastsette Høgsterett straffa for mellom anna drapsforsøk til forvaring i elleve år med ei minstetid på sju år og seks månader. Den domfelte hadde skote mot sju personar ved inngangen til ein utestad, og tre personar fekk skotskadar.

Det blei lagt betydeleg vekt på alvoret ved dei straffbare forholda, den sosiale og personlege fungeringa til den domfelte og at den domfelte også tidlegare var dømd for alvorlege valdslovbrot. Ei tidsbestemt fengselsstraff ville ikkje vere tilstrekkeleg til å verne andres liv, helse eller fridom når straffa var fullbyrda.

Opplysningar om åtferda til den domfelte i varetektsperioden gav ikkje eit eintydig bilete av ei positiv utvikling som kunne vektleggast i nokon større grad ved vurderinga av om vilkåra for forvaringsstraff var oppfylte.

Les heile avgjerda her.