Straff for framandkrigar i Syria – spørsmål om norsk jurisdiksjon
Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1340-A, (sak nr. 20-024314STR-HRET), straffesak, anke over dom
I.
A (advokat Mads Andenæs) mot Påtalemakta (statsadvokat Frederik G. Ranke)
II.
Påtalemakta (statsadvokat Frederik G. Ranke) mot A (advokat Mads Andenæs)
Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bull, Ringnes, Høgetveit Berg
Ein statslaus palestinar blei dømd til fengsel i 11 år og 6 månader for å ha deltatt i terrororganisasjonen Jabhat Al Nusra i Syria mellom 2014 og 2017. Domfellinga gjaldt dels terrorforbund, det vil seie å planlegge eller førebu ei terrorhandling ved å inngå avtale med andre om det, dels sjølve deltakinga i organisasjonen. Den domfelte kom til Noreg som asylsøkar vinteren 2017.
Det sentrale spørsmålet i saka er om folkeretten tillèt Noreg å straffe slike handlingar når dei er utførte i utlandet av ein utlending. Reglane i den norske straffelova som gjeld stadleg verkeområde, bygger på ein føresetnad om at folkeretten som utgangspunkt tillèt statar å straffe utlendingar for handlingar dei har utført i utlandet, så lenge det ikkje kan påvisast bindande reglar som avgrensar denne retten. Dette standpunktet er omdiskutert i internasjonal juridisk teori, men Høgsterett kom til at så lenge det ikkje er klart kva folkeretten går ut på, må norske domstolar bygge på det synet på folkeretten som ligg til grunn for jurisdiksjonsreglane i straffelova.
Høgsterett meinte at handlingane den domfelte hadde utført, i utgangspunktet tilsa ei straff på fengsel i 14 år, men straffa blei redusert til fengsel i 11 år og 6 månader fordi det utan asylforklaringa til den domfelte mest sannsynleg ikkje ville ha blitt noka straffesak mot han. Han hadde også gjennom forklaringa si langt på veg erkjent og forklart seg om dei faktiske forholda, og han hadde dessutan sett påtalemakta på sporet av noko av bevismaterialet i saka.
Dommen gir rettleiing om bruken av norsk strafferett på handlingar som er utførte av utlendingar i utlandet, og om straffutmålinga for terrorlovbrot.