Grove bedrageri utførte ved misbruk av andres identitet

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1352-A, (sak nr. 20-034148STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta (statsadvokat Anders Mandal Funnemark)

Dommarar: Møse, Noer, Bull, Ringnes, Arntzen

Saka gjeld utmåling av straff for mellom anna fleire grove bedrageri og ei rekke forsøk på grove bedrageri over internett, og reiser særleg spørsmål om betydninga av at det har skjedd ved misbruk av andres identitet, jf. straffelova 1902 § 190 a.

Høgsterett la vekt på at denne forma for kriminalitet rammar tilliten til betalingssystema for nettbasert omsetning, og dessutan at identitetsmisbruk representerer ei alvorleg identitetskrenking, noko som i seg sjølv kan opplevast svært ubehageleg. Dei som blir ramma, vil i tillegg måtte bruke mykje tid på å rydde opp overfor bankar, inkassobyrå og involverte føretak. Høgsterett meinte at ein ved straffutmålinga burde sjå på straffenivået for annan nettbasert vinningskriminalitet.

Straffa for 15 grove bedragerihandlingar – av dei medverknad til 3 fullbyrda og 12 forsøk – overfor 8 ulike føretak med til saman 18 personleg fornærma, og med eit samla tapspotensial på over 620 000 kroner, blei anslått til fengsel i eitt år og åtte månader. Det blei også utmålt straff for tre andre forhold og dessutan gjort frådrag for lang saksbehandlingstid. Den samla straffa blei sett til fengsel i eitt år og seks månader. Anken over dommen i lagmannsretten blei da forkasta.

Avgjerda kastar lys over straffutmålinga ved grove bedrageri som er utførte ved misbruk av andres identitet.

Les heile avgjerda her