Spørsmål om inndraging av utbytte frå ei straffbar handling skal reduserast med fastsett tilleggsskatt

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1354-A, (sak nr. 20-040133STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Anette Fjeld) mot Påtalemakta (statsadvokat Anders Mandal Funnemark)

Dommarar: Møse, Noer, Bull, Arntzen, Steinsvik

Høgsterett kom til at det ikkje skulle gjerast frådrag for tilleggsskatt i inndragingsbeløpet som ein mann var dømd til å betale etter å ha blitt domfelt for grov økonomisk utruskap mot to selskap som han hadde vore dagleg leiar og styreleiar for, og for rekneskapslovbrot i samband med det.

Den domfelte hadde gjort urettmessige uttak frå dei to selskapa. Da uttaka blei kjende for skattemyndigheitene, blei likninga hans endra for dei aktuelle åra – han blei likna for skatt for den auka skattbare inntekta som uttaka innebar. Han fekk også fastsett tilleggsskatt for ikkje å ha opplyst om denne inntekta til skattemyndigheitene. I straffesaka blei han dømd til å tole inndraging av det ulovlege utbyttet frå selskapa. Det blei gjort frådrag for den fastsette skatten, men ikkje for tilleggsskatten. Høgsterett peikte på at frådrag for ordinær skatt er grunngitt i at inndraginga ikkje skal stille den domfelte i ein dårlegare situasjon enn om han ikkje hadde gjort seg skuldig i den straffbare handlinga – og utan den ville det ikkje ha vore noko utbytte å skattlegge. Om ein også skulle gi frådrag for tilleggsskatten, ville det nøytralisere sanksjonen mot eit anna lovbrot, nemleg å ha gitt uriktige opplysningar til skattemyndigheitene. Frådrag skulle derfor ikkje skje for tilleggsskatten.

Les heile avgjerda her