Medverknad og forsøk på medverknad til grovt narkotikalovbrot – dyrking av cannabisplanter i større omfang og med profesjonelt preg
Høgsteretts dom 27. august 2020, HR-2020-1681-A, (sak nr. 20-015293STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat Trygve Staff) mot Påtalemakta (statsadvokat Alvar Randa)
Dommarar: Webster, Falkanger, Bull, Bergh, Thyness
Høgsterett kom til at lovbruken i lagmannsretten var korrekt da dei dømde den tiltalte for medverknad. Han utførte riktig nok handlingane på eit tidleg stadium av etableringa av cannabisplantasjen, men dei var tilstrekkelege til å utløyse medverknadsansvar. Det kunne ikkje utelukkast at han etter planen skulle bidra ytterlegare til etableringa og drifta av plantasjen, og at dette blei avbrote da han blei varetektsfengsla i ei anna sak. Slike planar kunne likevel ikkje medføre at det allereie pådratte straffeansvaret fall bort. For den delen av produksjonen som aldri kom i gang, måtte den tiltalte dømmast for forsøk på medverknad.
I tråd med straffelova 1902 § 64 blei straffa sett noko ned.
Dommen gir rettleiing om det strafferettslege medverknadsansvaret.