Kommunale bybetjenter og straffeloven § 155 om vold mv. mot «offentlig tjenesteperson»

Høgsteretts dom 3. september 2020, HR-2020-1724-A, (sak nr. 20-049331STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Odd Martin Helleland) mot Påtalemakta (statsadvokat Andreas Magne Alfoni Strand)

Dommarar: Øie, Webster, Bull, Bergh, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at straffelova § 155 kjem til bruk på den som angrip ein kommunal «bybetjent» som er i ferd med å utferde tilleggsgebyr for bruk av piggdekk. I Oslo kommune må den som vil køyre bil med piggdekk, betale gebyr ‒ kjøpe ein oblat. Bruker ein piggdekk utan å ha oblat, må ein ifølge piggdekkgebyrforskrifta betale tilleggsgebyr. Utferding av slike tilleggsgebyr er offentleg myndigheitsutøving, og § 155 vernar «enhver» som utøver offentleg myndigheit på vegner av stat eller kommune.

Det som kunne skape tvil om spørsmålet, var utsegner i forarbeida til straffelova 2005 om at føresegna, i motsetning til dei tilsvarande føresegnene i straffelova 1902, ikkje var meint å verne kommunale «trafikkbetjenter». Høgsterett kom likevel til at desse utsegnene berre tok sikte på det vernet kommunale trafikkbetjentar tidlegare hadde som offentlege tenestepersonar sjølv når dei deltok i utøving av kommunal parkeringsverksemd av ein art som også private næringsdrivande kunne drive.

Avgjerda klargjer korleis ein skal forstå omgrepet «offentlig tjenesteperson» i straffelova § 155. 

Les heile avgjerda her