Utlevering av vevsprøver frå forskingsbiobank
Høgsteretts orskurd 14. september 2020, HR-2020-1776-A, (sak nr. 20-065890STR-HRET), straffesak, anke over orskurd
Påtalemakta (statsadvokat Tone Aase) mot Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), A (advokat John Christian Elden)
Dommarar: Indreberg, Noer, Ringnes, Arntzen, Steinsvik
Spørsmål om utlevering av vevsprøver frå forskingsbiobank i samband med etterforsking, jf. lov om medisinsk- og helsefagleg forsking (helseforskingslova) § 27.
Ein gut på 15 månader blei funnen død i senga. Faren til guten er sikta for lekamsskading med døden til følge under særdeles skjerpande omstende. Under den rettsmedisinske obduksjonen blei det samla inn biologisk materiale frå den avdøde, men dette materialet er seinare destruert. Under obduksjonen blei det også samla inn vevsprøver som skal brukast i samband med eit forskingsprosjekt ved NTNU. Dette materialet blir i dag oppbevart i NTNUs forskingsbiobank.
For å få avklart dødsårsaka og oppklart saka ønsker påtalemyndigheita å få utlevert vevsprøvene frå NTNUs forskingsbiobank.
Helseforskingslova § 27 andre ledd stiller opp eit absolutt forbod mot utlevering av humant biologisk materiale til påtalemyndigheiter, domstolar, arbeidsgivarar og til forsikringsformål. Etter tredje ledd kan det i forskrift bestemmast at slikt materiale kan utleverast til påtalemyndigheit eller domstol heilt unntaksvis, men ei slik forskrift er ikkje gitt. Lovgivaren grunngir utleveringsforbodet med at ein vil sikre at befolkninga har tillit til medisinsk- og helsefagleg forsking og forskingsbiobankar.
Høgsterett kom til at det ikkje er grunnlag for å tolke § 27 andre ledd innskrenkande. I grunngivinga blir det trekt fram fleire forhold som er gode grunnar for utlevering, men det er også tungtvegande omsyn som taler mot utlevering. Ordlyden i lova er klar, og utlevering i enkelttilfelle utan klar heimel i § 27 kan opne for formålsutgliding og ei generell svekking av tilliten til medisinsk- og helsefagleg forsking og forskingsbiobankar.
Lagmannsretten hadde komme til same resultat, og anken frå påtalemyndigheita blei forkasta.