Hatefulle ytringar på Facebook 1
Høgsteretts dom 29. januar 2020, HR-2020-184-A, (sak nr. 19-104841STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Laila Kjærevik) mot Påtalemakta (statsadvokat Kristine Herrebrøden)
Dommarar: Møse, Falkanger, Kallerud, Falch, Østensen Berglund
Ein person hadde skrive følgjande i eit kommentarfelt på Facebook om ein samfunnsdebattant: «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakkelakk.»
Høgsterett kom til at ytringa var ramma av straffelova § 185 om hatefulle ytringar. Den alminnelege lesar vil oppfatte den som ei svært grov krenking, med referanse til hudfarge og etnisk opphav.
Høgsterett fastsette straffa til fengsel på vilkår i 24 dagar og ei bot på kr 25 000. Det var ikkje grunnlag for vilkårslaus fengselsstraff, slik lagmannsretten hadde kome til, og som påtalemakta hadde argumentert for.
Dommen gir rettleiing om grensene for kva slags ytringar som er ramma av straffelova § 185, og om straffenivået ved slike lovbrot.