Hatefulle ytringar på Facebook 2

Høgsteretts dom 29. januar 2020, HR-2020-185-A, (sak nr. 19-111561STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Håkon Mathias Sterling Danielsen) mot Påtalemakta (statsadvokat Kristine Herrebrøden)

Dommarar: Møse, Falkanger, Kallerud, Falch, Østensen Berglund

Ein mann hadde kommentert fleire innlegg i Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst» og blant annet skrive «det er vel bedre at vi fjerner disse avskyelige rottene fra jordens overflate selv tenker jeg!!» og «ja de forsvinner den dagen disse steppe bavianene reiser dit de hører hjemme!». Ut frå samanhengen ytringane var sett fram i, fann Høgsterett det klart at den første kommentaren knytte seg til muslimar, medan den andre kommentaren retta seg mot mørkhuda menneske. Begge utsegna vart rekna for å falle inn under straffelova § 185 om hatefulle ytringar. Straff for slike utsegner ville ikkje svekke den frie eller opne religionskritikken eller annan offentleg debatt som er vernet av ytringsfridomen. Straffutmålinga i denne saka var ikkje anka til Høgsterett.

Saka gir – saman med HR-2020-184-A – rettleiing om forståinga av straffelova § 185, og den gir særleg informasjon om grensedraginga mellom lovleg religionskritikk og straffbare hatefulle ytringar retta mot truande.

Les heile avgjerda