Forbodet mot bruk av mobiltelefon under køyring II

Høgsteretts dom 22. oktober 2020, HR-2020-2020-A, (sak nr. 20-116249STR-HRET), straffesak, anke over dom

Påtalemakta (kst. statsadvokat Åsmund Yli) mot A (advokat Steinar Jacob Thomassen)

Dommarar: Webster, Normann, Noer, Bergh, Steinsvik

I to saker for lagmannsretten var dei tiltalte frifunne for brot på forbodet mot bruk av handhalden mobiltelefon under køyring, fastsett i forskrift til vegtrafikklova. I den eine saka hadde bruken skjedd medan føraren hadde stoppa for raudt lys, i den andre saka skjedde bruken medan bilen stod stille ein kort periode på grunn av kø.

Høgsterett kom under dissens til at bruken av mobiltelefonen i begge tilfella hadde skjedd «under kjøring» og derfor innebar brot på forbodet.

Fleirtalet la til grunn at bruk av mobiltelefon under kortvarig trafikal stans der bilen framleis er ein aktiv del av trafikken, er dekt av ordlyden i forbodet om at føraren «ikke [må] bruke mobiltelefon under kjøring». Dei andre kjeldene støtta at kortvarig trafikal stans var omfatta, og reelle omsyn tilsa ikkje avgrensingar i straffeansvaret. Kravet til klar lovheimel for straffeansvar i Grunnlova § 96 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 7 var oppfylt.

Mindretalet la til grunn at forskriftsføresegna var uklar og derfor ikkje gav tilstrekkeleg klar heimel for straffeansvar.

Begge dei tiltalte blei dømde til å betale ei bot på 2 000 kroner.

Avgjerdene klargjer rekkevidda av forbodet mot å bruke handhalden mobiltelefon under køyring.

Les heile avgjerda her