Forsett i form av dolus eventualis ved «filleristing» av spedbarn
Høgsteretts dom 3. november 2020, (sak nr. 20-079670STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Benedikte Høgseth)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Arntzen, Falch, Høgetveit Berg
Høgsterett oppheva lagmannsrettsdommen fordi grunngivinga for forsett hos den tiltalte var mangelfull.
Ein far var i lagmannsretten dømd til fengsel i to år for å ha påført sonen sin på seks veker skade ved å ha fillerista han ved éi anledning, jf. straffelova 1902 § 229, jf. § 232. Lagmannsretten bygde på at den tiltalte hadde utvist forsett i form av såkalla dolus eventualis – eventuelt forsett – jf. straffelova § 22 første ledd bokstav c. Høgsterett behandla berre anken over lovbruken og domsgrunnane knytte til subjektiv skuld hos den tiltalte.
Høgsterett kom til at lovbruken i lagmannsretten var riktig, men at domsgrunnane var mangelfulle. Retten skulle ha peikt på bevismoment som underbygger at den tiltalte tok eit bevisst standpunkt om å riste sonen, sjølv om det skulle føre til at han blei skadd.
Dommen gir rettleiing om innhaldet av forsettsforma dolus eventualis og om krava til domsgrunnar når denne forsettsforma er brukt, særleg i saker om valdslovbrot.