Vald mot særleg utsette yrkesgrupper og kroppskrenking av ein billettkontrollør
Høgsteretts dom 4. november 2020, HR-2020-2126-A, (sak nr. 20-095989STR-HRET), straffesak, anke over dom.
I.
Påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte) mot A (advokat Aurora Lindeland Geelmuyden)
II.
A (advokat Aurora Lindeland Geelmuyden) mot Påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte)
Dommarar: Skoghøy, Falkanger, Bull, Falch, Thyness
Høgsterett kom til at ein vektar som fekk eit slag i ansiktet frå ein passasjer som han fysisk heldt tilbake i samband med billettkontroll på ein buss, ikkje var verna av straffelova § 286 om vald mot særleg utsette yrkesgrupper. Vektaren var tilsett i eit vaktselskap som utførte billettkontrollar etter avtale med transportselskapet. Ein må forstå yrkestransportlova slik at innleigde billettkontrollørar berre kan halde passasjerar fysisk tilbake når dette skjer i samarbeid med ein som er fast tilsett i transportselskapet. Det var ikkje tilfellet her, og når årsaka var ein feil ved sjølve organiseringa av billettkontrollverksemda, kunne vektaren ikkje vere verna av straffelova § 286.
Høgsterett opprettheldt domfellinga for brot på straffelova § 271 om kroppskrenking. Sjølv om kroppskrenkinga var eit svar på rettsstridig maktbruk, meinte Høgsterett, som lagmannsretten, at dette ikkje var ei handling som var straff-fri på grunn av at det var gjengjelding av ein provokasjon.
Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå straffelova § 286 om vald mot særleg utsette yrkesgrupper og av føresegna i yrkestransportlova om fysisk tilbakehald av passasjerar i samband med billettkontroll.