Straff for hatefulle ytringar

Høgsteretts dom 5. november 2020, HR-2020-2133-A, (sak nr. 20-097669STR-HRET), straffesak, anke over dom

I. Påtalemakta (kst. statsadvokat Magnus Schartum-Hansen) mot
A (advokat Steinar Jacob Thomassen)

II. A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta
(kst. statsadvokat Magnus Schartum-Hansen)

Dommarar: Matningsdal, Webster, Matheson, Noer, Steinsvik

Den tiltalte hadde utan grunn i ein kø utanfor eit gatekjøkken mellom anna sagt til ein ung gut av afrikansk opphav: «Kom deg tilbake til Afrika der du kjem frå, jævla utlending.»

Høgsterett kom til at ytringane blir ramma av straffelova § 185 om hatefulle ytringar. Den alminnelege tilhøyraren vil oppfatte utsegnene som ei grov krenking og nedvurdering av menneskeverdet til den fornærma, med referanse til hudfargen og det etniske opphavet til guten.

Ved vurderinga av strafflegginga blei det lagt avgjerande vekt på at sjikanøse og rasistiske ytringar i form av reine personangrep nyt eit heilt beskjedent ytringsfridomsvern, og at det rettslege diskrimineringsvernet av utsette enkeltpersonar og grupper tilsa at terskelen for straffeansvar i straffelova § 185 var broten.

Straffa, som også omfatta vald mot politiet, blei sett til fengsel i 36 dagar, av dei 12 dagar på vilkår.

Dommen gir rettleiing om grensene for kva for ytringar som blir ramma av straffelova § 185.

Les heile avgjerda her