Medverknad til seksuelle overgrep mot barn via internett – grensa mot menneskehandel

Høgsteretts dom 5. november 2020, HR-2020-2136-A, (sak nr. 20-062373STR-HRET), straffesak, anke over dom.

I. Påtalemakta (statsadvokat Magne Kvamme Sylta) mot A (advokat Erik Ulvesæter
II. A (advokat Erik Ulvesæter) mot Påtalemakta (statsadvokat Magne Kvamme Sylta)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Arntzen, Falch, Høgetveit Berg

Den tiltalte betalte for at omsorgspersonar skulle gjennomføre grove seksuelle overgrep mot barna medan han såg på via internett. Han gav også instruksar om korleis overgrepa skulle gjennomførast. I alt omfatta saka medverknad til overgrep mot omkring 200 barn på Filippinane.

Lagmannsretten fann den tiltalte skuldig i ei rekke seksuallovbrot, men frifann for tiltalen om grov menneskehandel. Fleirtalet i Høgsterett opprettheldt frifinninga under tilvising til forarbeida i lova og tidlegare dommar frå Høgsterett. Éin dommar kom til at handlingane til den tiltalte også blei ramma av straffebodet mot menneskehandel.

Ein samla Høgsterett la til grunn at overgrepa var så omfattande og alvorlege at straffa måtte settast til 21 år. Under tvil kom retten til at det ikkje var grunnlag for forvaringsstraff.

I varetektstida hadde den tiltalte blitt utsett for mange inngripande kroppsundersøkingar – såkalla kroppsvisitering – i strid med Grunnlova § 93 andre ledd og EMK artikkel 3. Høgsterett kom til at dette skulle kompenserast med ein auke i varetektsfrådraget.

Dommen avklarer at medverknad til slike seksuelle overgrep som i denne saka berre blir ramma som menneskehandel dersom den tiltalte også har ei rolle som kan karakteriserast som bakmann, typisk ved å bidra til at den fornærma blir offer for menneskehandel.

Vidare gir dommen retningslinjer for fastsetting av reaksjon ved denne typen overgrep.

Dommen fastslår også at såkalla kroppsvisitering i fengsel kan innebere brot på dei grunnleggande rettane til den varetektsinnsette som kan føre til krav på kompensasjon. 

Les heile avgjerda her