Straffutmåling for grov valdtekt av barn under 14 år

Høgsteretts dom 14. desember 2020, HR-2020-2402-A, (sak nr. 20-122811STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Hilde Stoltenberg)

 

Dommarar: Øie, Webster, Matheson, Noer, Ringnes

Høgsterett sette straffa til fengsel i fem år og seks månader for ein mann som blei dømd for grov valdtekt av ei ni år gammal jente.

Mannen, som var rusa på amfetamin, hadde komme inn i huset til ein familie og tatt seg inn på soverommet til jenta midt på natta. Han tok kvelartak på henne og låste henne inne på badet saman med seg sjølv. Her førte han fingra sine inn i skjeden hennar og tok penisen sin inntil munnen hennar. Han trua henne med at han ville drepe familien hennar, og han viste henne ein kniv han hadde med seg. Til saman var jenta påført fridomstap i om lag ein time. Etter at jenta fekk varsla familien, opptredde gjerningsmannen aggressivt og svært skremmande.

Høgsterett tok utgangspunkt i ei straff av fengsel på sju år. Det blei gjort frådrag i straffa på grunn av tilståing. Etter hendinga drog gjerningsmannen rett til lensmannskontoret og fortalde kva som hadde skjedd. Han heldt seinare fast på tilståinga så langt han hugsa henne.

Dommen gir rettleiing for straffa for grov valdtekt av barn under 14 år.

Les heile avgjerda her.