Grunnvilkår for utvidet inndragning

Høgsteretts dom 17. desember 2020, HR-2020-2442-A, (sak nr. 20-127566STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Påtalemakta (statsadvokat Kari Hangeland Buvik) mot A (advokat Øivind Sterri)

Dommarar: Skoghøy, Falkanger, Bull, Østensen Berglund, Thyness

Eit grunnvilkår for utvida inndraging etter straffelova § 68 er at lovbrytaren må vere funnen skuldig i ei «straffbar handling som etter sin art kan gi betydelig utbytte». Saka reiste spørsmål om det ved domfelling for oppbevaring av narkotika skulle leggast vekt på utbyttepotensialet ved sal av narkotikaen. Høgsterett kom for det første til at det i ein slik situasjon skulle leggast vekt på salsverdien og ikkje berre på utbyttepotensialet som låg i oppbevaring. For det andre skulle vurderinga av om det låg føre potensial til betydeleg utbytte, skje på grunnlag av kva sal av det konkrete partiet med narkotika kunne innbringe. Sidan gateverdien på partiet samla sett låg under terskelen for «betydelig utbytte», var grunnvilkåret ikkje oppfylt.

Dommen avklarer vurderingstemaet i eit av grunnvilkåra for utvida inndraging.

Les heile avgjerda her