Straffutmåling for omfattande brot på arbeidsmiljølova sine reglar om bruk av overtid
Høgsteretts dom 12. februar 2020, HR-2020-358-A, (sak nr. 19-156482STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Carl Graff Hartmann)
Dommarar: Matningsdal, Normann, Bull, Bergsjø, Ringnes
Straffa for dagleg leiar og styreleiar i selskapet der lovbrota var gjort, vart sett ned vesentleg til fengsel i 120 dagar.
Selskapet gjekk i 2015 inn avtalar om innsamling av hushaldsavfall i Vestfold og Oslo – høvesvis Vestfoldprosjektet og Osloprosjektet. I begge prosjekta oppstod det tidleg problem med gjennomføringa, og overtidsbruken var svært omfattande. Dette førte til at Arbeidstilsynet tidleg etter at oppdraga starta opp gjennomførte tilsyn som avdekka omfattande bruk av overtid, også utover det som er lovleg etter dispensasjon frå Arbeidstilsynet eller etter avtale med de tillitsvalte. Selskapet hadde ikkje avtale med fagforeiningane om utvida bruk av overtid.
Høgsterett fann under tvil at lovbrota i Osloprosjektet gjekk under arbeidsmiljølova § 19-1 andre ledd. Det dreide seg om til dels alvorlege lovbrot. Brota var forsettlege og systematiske, dei hadde skjedd over ei viss tid og held fram etter Arbeidstilsynets første tilsyn. Tvilen hadde nær samanheng med at brot på arbeidstidsreglane ikkje høyrte under kjerneområdet for dei brotsverka ein særleg tok sikte på å ramme ved ei lovendring i 2015, då strafferammene i arbeidsmiljøloven § 19-1 vart auka. Det var heller ikkje tidlegere gitt fengselsstraff for denne type lovbrot.
Høgsterett viste ved den konkrete straffutmålinga til at forarbeida ga avgrensa rettleiing for utmålinga. Omsynet til rettsvisse og likebehandling tilsa då at domstolane er varsame med å endre straffa i for store sprang, men at domstolane står friare enn elles til å skjerpe straffenivået for på denne måten å gjennomføre føremålet med straffendringa. Allmennpreventive omsyn talte for at det vart reagert med fengselsstraff.
Dommen har betydning for straffutmålinga ved brot på arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid.