Straffutmåling for valdtekt under skjerpande omstende

Høgsteretts dom 3. april 2020, HR-2020-739-A, (sak nr. 19-191242STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Marius Oscar Dietrichson) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Åsmund Yli)

Dommarar: Øie, Webster, Bergsjø, Bergh, Thyness

Høgsterett fastsette straffa for overfallsvaldtekt til fengsel i seks år og fire månader.

I saka var det skjerpande at gjerningsmannen fleire gonger tok kvelartak på kvinna og trua med skrujern opp mot halsen hennar. Det var dessutan særleg skjerpande at overfallet skjedde overfor ei kvinne som var på tur med dei to spedbarna sine i barnevogn. I tillegg til frykta knytt til sjølve valdtektshandlinga frykta kvinna også for kva som ville skje med barna. I ettertid er forholdet til barna blitt påverka av overgrepet.

Høgsterett kom til at handlingane gav grunnlag for ei fengselsstraff på opp mot sju år. Som følge av at den domfelte tilstod, fekk han ein liten reduksjon i straffa.

Avgjerda avklarer straffenivået i alvorlege valdtektssaker.

Les heile avgjerda her