Straffutmåling for eit mindre forsikringsbedrageri
Høgsteretts dom 27. april 2020, HR-2020-894-A, (sak nr. 20-020706STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Frode Sulland) mot Påtalemakta (statsadvokat Tomasz Edsberg)
Dommarar: Øie, Falkanger, Noer, Bergsjø, Bergh
Høgsterett fastsette straffa for eit forsikringsbedrageri til fengsel på vilkår i 14 dagar og ei bot på 14 000 kroner, i tråd med lagmannsrettsdommen. Den domfelte hadde kravd forsikring for ein TV som han ikkje eigde. Han hadde dermed urettmessig forsøkt å få forsikringsselskapet til å utbetale 12 000 kroner til han.
Dommen gir retningslinjer for når det er tilstrekkeleg med bot for mindre forsikringsbedrageri, og for når det i tillegg bør dømmast til fengsel på vilkår.