Vilkåra for straff for omsorgsunndraging
Høgsteretts dom 27. august 2020, HR-2020-1682-A, (sak nr. 20-046787STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Edvard Terje Eide) mot Påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)
Dommarar: Webster, Falkanger, Bull, Bergh, Thyness
Ein mann blei frifunnen for medverknad til omsorgsunndraging. Høgsterett kom til at vilkåret «alvorlig» i straffelova § 261 første ledd første punktum ikkje var oppfylt.
Ein far som hadde avgrensa samværsrett med dei tre barna sine, gjennomførte eit samvær frå laurdag formiddag til søndag kveld trass i at samværsretten var avgrensa til laurdag kl. 11.00–16.00. Samværet blei, i strid med det som var fastsett i rettsleg avgjerd, gjennomført utan at tilsynsføraren frå barneverntenesta var til stades. Saka gjaldt straffeansvar for fars advokat, som medverka til omsorgsunndraginga, mellom anna ved at han lét faren og barna bu på hytta si.
Høgsterett viste til at vilkåret i lova – «alvorlig» – er ein del av det objektive gjerningsinnhaldet i straffeføresegna. At handlingane til advokaten ut frå hans individuelle situasjon kunne framstå som særleg klanderverdige, var ikkje av betydning ved vurderinga av om sjølve omsorgsunndraginga var alvorleg.
Etter ei konkret vurdering kom Høgsterett under tvil til at det ikkje låg føre ei alvorleg omsorgsunndraging. Advokaten blei etter dette frifunnen.
Avgjerda gir rettleiing for bruken av alvorlegheitsvilkåret i straffelova § 261.