VG hadde rett til å gi att andres fotografi
Høgsteretts dom 2. juni 2022, HR-2022-1113-A, (sak nr. 21-153384SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
VG publiserte i 2020 kritiske artiklar om Advokatfirmaet Rogstad. Det blei gitt att fotografi henta frå heimesida til advokatfirmaet og frå ein open Facebook-profil, utan at VG bad om samtykke, og utan at det blei betalt vederlag. Advokatfirmaet saksøkte VG og ein av journalistane deira med krav om erstatning for ulovleg bruk av fotografia.
Ved tolkinga av åndsverklova veg Høgsterett ytringsfridom mot rettane til bileta, og legg vekt på praksis frå EU-domstolen. Omsynet til ytringsfridommen står sterkt i saka, og arbeidet til VG er i kjernen for undersøkande journalistikk av allmenn interesse. Inngrepet i biletrettane har på si side mindre betydning for advokatfirmaet.
Høgsterett kom til at åndsverklova gir VG rett til å gi att fotografia utan å be advokatfirmaet om samtykke. Det må likevel betalast eit vederlag i etterkant etter åndsverklova § 36 andre ledd. Lagmannsrettsdommen – som bygde på at fotografia kunne givast att utan plikt til å betale for bruken i etterkant – blir dermed oppheva. Saka skal no behandlast på nytt av lagmannsretten, som skal måle ut vederlaget.
Dommen avklarer kor langt media kan gå i å gi att andres fotografi som ledd i nyheitsformidling utan å be om samtykke.
Rettsområde: Opphavsrett. Ytringsfridom. Åndsverklova § 29 og § 36 andre ledd
Nøkkelavsnitt: 71–74
Partar og prosessfullmektigar: Advokatfirmaet Rogstad AS, A (advokat Andreas Galtung) (Rettsleg medhjelpar: advokat Steingrim Wolland) mot B, Verdens Gang AS (advokat Halvard Helle), Norsk Redaktørforening (partshjelpar) (advokat Jon Wessel-Aas)
Dommarar: Noer, Ringnes, Arntzen, Thyness, Sæther