Troms Turlag får behalde turisthytte på ein annans grunn
Høgsteretts dom 7. juni 2022, HR-2022-1119-A, (sak nr. 21-170292SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Brynjar Østgård) mot Troms Turlag (advokat Marianne Abeler)
Troms Turlag oppførte i 1967 turisthytta Trollvassbu i Tromsø kommune, etter avtale med staten, som meinte seg vere grunneigar. Tidleg på 1970-talet blei det så avklart at staten ikkje er grunneigar. Hytta ligg på privat grunn. Grunneigaren saksøkte i 2020 turlaget med krav om at hytta skulle rivast, eventuelt krav om eigedomsrett til hytta mot eit vederlag.
Høgsterett kom, som ting- og lagmannsretten, til at nabolova § 11 kan brukast tilsvarande i eit tilfelle som dette. Konsekvensen er at turlaget både har eigedomsrett til hytta og ein mellombels bruksrett til grunnen så lenge hytta står der, mot eit vederlag til grunneigaren. Høgsterett la vekt på nytteverdien turisthytta har for turlaget, og at ulempene for grunneigaren er små.
Dommen avklarer rettsforholda til bygningar som står på framand grunn.
Rettsområde: Tingsrett, nabolova § 11, lov om hendelege eigedomshøve § 8
Nøkkelavsnitt: 44, 47–50, 52
Dommarar: Skoghøy, Kallerud, Ringnes, Falch, Steinsvik