Brot på byggherreforskrifta har ikkje privatrettslege verknader

Høgsteretts dom 7. juni 2022, HR-2022-1120-A, (sak nr. 21-152318SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Veidekke Entreprenør AS mot Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Håvard Hansen Holdø)

Etter eit offentleg anbod inngjekk Statens vegvesen og Veidekke Entreprenør AS i 2015 ein kontrakt om levering av K10 Svegatjørn–Fanavegen, ein del av den nye hovudvegen mellom Os og Bergen. Veidekke blei forseinka ved fleire delfristar undervegs.

Spørsmålet var om Statens vegvesens moglege brot på kravet i byggherreforskrifta § 5 – om at det skal settast av tilstrekkeleg byggetid – skulle få privatrettsleg verknad mellom partane, slik at dei dagmulktsanksjonerte delfristane måtte settast til side eller forlengast.

Høgsterett kom til at moglege brot på forskrifta ikkje hadde privatrettslege verknader. Overskridingane av delfristane i kontrakten kunne dermed ikkje settast til side eller reviderast, verken etter entreprisekontrakten, Norske Lov 5–1–2, effektivitetsprinsippet i EØS-retten eller avtalelova § 36.

Éin dommar dissenterte og meinte at fristane i kontrakten måtte settast til side – i praksis forlengast – så langt dei var i strid med kravet i byggherreforskrifta, slik at krava om dagmulkt måtte avskjerast i forlengingsperioden.

Dommen avklarer at brot på byggherreforskrifta § 5 ikkje har privatrettslege verknader.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Entrepriserett. Avtalerevisjon. Effektivitetsprinsippet i EØS Byggherreforskrifta § 5. NS 8406. Norske Lov 5–1–2. Avtalelova § 36

Nøkkelavsnitt: 48–49, 67, 70

Dommarar: Skoghøy, Bull, Arntzen, Falch, Berg