Erstatningsutmåling etter fødselsskade må ta utgangspunkt i amerikansk utgiftsnivå

Høgsteretts dom 8. juni 2022, HR-2022-1132-A, (sak nr. 21-000081SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A v/verje (advokat Linda Egeland – til prøve) (Rettsleg medhjelpar:
advokat Carl Aasland Jerstad) mot Staten v/Pasientskadenemnda (advokat Svein Åge Bergset)

Eit no ti år gammalt barn blei påført pasientskade under fødselen ved Haukeland sykehus i Bergen. Familien flytta til USA kort tid etter fødselen. Høgsterett har komme til at erstatningsutmålinga da ikkje kan baserast på at den skadelidne vil få norske velferdsytingar. Lagmannsrettsdommen blir oppheva på grunn av feil rettsbruk.

Den skadelidne er 100 prosent medisinsk invalid, har eit omfattande behov for pleie, omsorg og helsetenester og vil livet ut ha behov for tilsyn døgnet rundt. Lagmannsretten gav erstatning basert på årlege meirutgifter på 200 000 kroner som eit supplement til dei norske velferdsytingane.

Høgsterett kom til at det var feil å berekne erstatninga som om den skadelidne budde i Noreg og mottok ytingar frå det norske velferdssystemet. Riktig nok er utgangspunktet i norsk rett at erstatninga skal vere eit supplement til dei offentlege velferdsytingane. Men den skadelidne mottar ingen slike ytingar i USA, og den utbetalte erstatninga vil derfor ikkje dekke behovet ho har for behandling, pleie og omsorg der. Etter ei konkret vurdering kom Høgsterett til at erstatninga i denne saka da må utmålast med utgangspunkt i utgiftsnivået i USA. Høgsterett la mellom anna vekt på at familien har sterk tilknyting til USA, og at flyttinga dit skjedde utan tanke på dei erstatningsrettslege konsekvensane. Familien hadde budd i USA inntil kort tid før fødselen, og far var amerikansk statsborgar.

Dommen gjer greie for utmåling av erstatning for medisinske og sosialmedisinske utgifter og tar særleg for seg utmålinga for skadelidne som er busette i utlandet.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Erstatningsrett

Nøkkelavsnitt: 38, 44, 59−60, 68

Dommarar: Noer, Kallerud, Bergsjø, Berglund, Sæther