Dagleg leiar og morselskap må betale sakskostnader som eit dotterselskap er pådømt

Høgsteretts dom 9. juni 2022, HR-2022-1148-A, (sak nr. 21-154761SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Ein patentstrid om behandlingsmetode mot lakselus hadde enda med at selskapet som hadde patentretten, og selskapet som stod for lisensiering av behandlingsmetoden, tapte saka og blei dømde til å betale sakskostnadene for motparten. Da dei to selskapa ikkje kunne betale dei pådømde sakskostnadene, gjekk motparten til sak mot morselskapet og personen som var einestyre / dagleg leiar i alle dei tre selskapa. Kravet var at dei skulle erstatte sakskostnadene som dotterselskapa var blitt pådømde.

Høgsterett kom til at leiaren og morselskapet var ansvarlege for sakskostnadene som eitt av dotterselskapa var pådømt. Dette dotterselskapet var blitt oppretta og hadde fått patentrettane overførte til seg frå morselskapet rett før den daglege leiaren reiste søksmålet i patentsaka. Det nye dotterselskapet kunne i praksis ikkje drive anna verksemd før patentsaka eventuelt blei vunnen, og det hadde ikkje midlar til å finansiere sin del av patentsaka, men var avhengig av tilskot frå morselskapet. Motparten blei dermed forsettleg utsett for ein openberr tapsrisiko som motparten elles ikkje ville ha hatt.

Ettersom det hadde vore eit rimeleg håp om å vinne patentsaka, blei leiaren og morselskapet ikkje haldne ansvarlege for disposisjonane som var knytte til det andre dotterselskapet.

Avgjerda klargjer vilkåra for at ein tredjepart kan haldast ansvarleg for pådømde sakskostnader i ei rettssak.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Erstatningsrett, selskapsrett, sivilprosess

Nøkkelavsnitt: 61

Partar og prosessfullmektigar: I. A, Nettforsk AS (advokat Per Conradi Andersen) mot SinkabergHansen AS (advokat Ida Espolin Johnson)
II. SinkabergHansen AS (advokat Ida Espolin Johnson) mot
Nettforsk AS, A (advokat Per Conradi Andersen)

Dommarar: Øie, Bull, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg