Ueinigheit om utvida høve til administrativ tilsetting i staten skal løysast etter reglane i Hovudavtalen
Høgsteretts dom 22. juni 2022, HR-2022-1246-A, (sak nr. 21-180311SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Ved forhandlingar om nytt personalreglement i politi- og lensmannsetaten kom Politiets Fellesforbund og Politidirektoratet ikkje til einigheit om det skulle givast utvida høve til administrative tilsettingar. Det oppstod deretter tvist om korleis ueinigheita skulle løysast.
Høgsterett kom til at ueinigheit om unntak frå tilsettingsreglane skal løysast etter tvisteløysingssystemet i Hovudavtalen i staten. Politiets Fellesforbund fekk ikkje medhald i at føresegner om utvida unntak berre kan fastsettast etter einigheit mellom arbeidsgivaren og tenestemannsorganisasjonane.
Dommen avklarer tolkinga av statstilsettelova § 7 andre ledd.
Rettsområde: Arbeidsrett
Nøkkelavsnitt: 50, 51, 52
Partar og prosessfullmektigar: Politiets Fellesforbund (advokat Kjersti Kristofersen Borgen) mot Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Siri Kristin Kristiansen)
Dommarar: Indreberg, Normann, Ringnes, Bergh, Steinsvik