Seljaren av bustaden hadde ikkje opplysningsplikt om at ein nabo var straffedømd
Høgsteretts dom 30. juni 2022, HR-2022-1322-A, (sak nr. 22-015230SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B (advokat Linda Egeland) mot C, D (advokat Joachim Mikkelborg Skjelsbæk)
Saka gjeld sal av ein bustadeigedom i Rogaland. Kort tid før eigedommen blei lagd ut for sal, var ein mann som bur i eit av nabohusa, dømd til fengsel for å ha filma sine eigne stedøtrer i dusjen og i andre situasjonar på badet. Han var også dømd for å ha å gjere med materiale som framstiller seksuelle overgrep mot barn.
Dommen var kjend i nabolaget, men det blei ikkje opplyst om dette i samband med salet. Da kjøparane kort tid etter salet blei kjende med dommen, trekte dei seg og heva avtalen. Seljarane måtte selje eigedommen på nytt og reiste sak for retten med krav om erstatning for tapet ved mellom anna å selje til ein lågare pris.
Høgsterett har, som tingretten og lagmannsretten, komme til at seljarane ikkje hadde plikt til å opplyse om straffedommen. Kjøparane hadde dermed ikkje rett til å heve kjøpet, og erstatningskravet fører fram.
Høgsterett legg vekt på at opplysningar om at ein person har gjort seg skuldig i bestemte straffbare handlingar, er sensitive personopplysningar. Sjølv om det er forståeleg at kjøparane reagerer negativt, kan ein vanlegvis ikkje forvente å få slike opplysningar om personar i nabolaget. Opplysningsplikt vil berre ligge føre dersom det er ein reell risiko for handlingar som direkte får verknader for personar knytte til den eigedommen som blir seld.
Dommen bidrar til å avklare kva opplysningsplikt seljarar har ved sal av bustad.
Rettsområde: Kjøp av fast eigedom. Avhendingslova § 3-7 og § 3-8
Nøkkelavsnitt: 48–50, 55–56
Dommarar: Øie, Normann, Bull, Arntzen, Bergh