Advokatfirma må betale tilbake honorar
Høgsteretts dom 10. mars 2022, HR-2022-563-A, (sak nr. 21-096311SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Advokatfirmaet Danielsen & Co AS (advokat Erlend Haaskjold) mot Rondeslottet Hotell AS, tvangsavviklingsbuet, Rondeslottet Hotell AS, A (advokat Peter Hallsteinsen)
Det oppstod i 2019 ein konflikt mellom advokatfirmaet Danielsen og Co og klienten Rondeslottet Hotell om kor mykje advokatfirmaet kunne krevje i betaling for juridisk bistand (salær). Salærkravet frå advokatfirmaet var på over 4,4 millionar kroner, av det var drygt 3 millionar kroner betalt. Advokaten saksøkte klienten med krav om betaling av det uteståande beløpet. Klienten på si side gjorde krav på betydeleg nedsett honorar og delvis tilbakebetaling. Høgsterett gav klienten medhald.
Høgsterett var einig med tidlegare rettsinstansar i at salærregelen i Regler for god advokatskikk måtte reknast som ein del av oppdragsavtalen mellom advokaten og klienten. Lagmannsretten hadde dermed bygd på riktig rettsbruk når salæret til advokatfirmaet blei redusert med 57 prosent.
Høgsterett viste til at salærregelen i Regler for god advokatskikk er ei innarbeidd bransjenorm som domstolane over lang tid og i ulike samanhengar har bygd på ved overprøving av advokatsalær. Høgsterett meinte dessutan at den klare hovudregelen er at ein advokat har plikt til å betale tilbake eit overfakturert beløp.
Dommen avklarer betydninga av salærregelen i Regler for god advokatskikk ved overprøving av kontraktmessige salær til advokatar.