Ransdømd utlending kan utvisast frå Noreg
Høgsteretts dom 28. mars 2022, HR-2022-653-A, (sak nr. 21-138726SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Ingrid Skog Hauge) mot A (advokat Daniel Storrvik)
Som 11-åring kom ein russisk statsborgar med familien sin til Noreg frå Tsjetsjenia. Da han var 23 år, gjorde han seg skuldig i ei rekke grove ran. Han var initiativtakar til rana og brukte vald og truslar for å skaffe seg pengar. For dette blei han dømd til fengsel i 7 år.
Mannen var ikkje norsk statsborgar, og Utlendingsnemnda gjorde vedtak om varig utvising frå Noreg og Schengen-området på grunn av domfellinga. Utlendingen reiste sak med påstand om at utvisinga var uforholdsmessig. Han fekk medhald i tingretten og lagmannsretten, men Høgsterett kom til motsett resultat.
Ei varig utvising er eit sterkt inngrep overfor utlendingen, som kom til Noreg som barn og har hatt ungdomstida si her. Likevel meinte Høgsterett at dei straffbare forholda var så alvorlege at vedtaket om utvising ikkje var uforholdsmessig.
Dommen gir retningslinjer for vurderinga av det forholdsmessige ved utvising av ikkje-norske statsborgarar som kom til Noreg i ung alder.