Reglar om innreisekarantene frå Sverige var lovlege
Høgsteretts dom 6. april 2022, HR-2022-718-A, (sak nr. 21-136017SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B, C, D, E, F (advokat Hans Petter Graver) mot Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Thue)
Saka gjaldt reglane om innreisekarantene som følge av covid-19-pandemien, slik dei gjaldt frå mars 2020 til juni 2021. Søksmålet var reist av personar som var busette i Noreg og eigde fritidseigedommar i Sverige. I heile denne perioden var hovudregelen at det måtte gjennomførast karantene i sju dagar eller meir ved innreise frå utlandet til Noreg. For hytteeigarane gjaldt det eit avgrensa unntak ved reise for å utføre strengt nødvendig vedlikehald og tilsyn utan overnatting. Hytteeigarane påstod at det skulle vore gjort meir omfattande unntak for dei så lenge dei unngjekk kollektivtransport og ikkje hadde nærkontaktar i Sverige. Hytteeigarane meinte at karanteneplikta mangla heimel i smittevernlova og dessutan var i strid med menneskerettane og EØS-avtalen.
Høgsterett såg det som klart at frå starten av pandemien var færrast moglege unntak frå reglane om innreisekarantene godt grunngitt. Spørsmålet var om det på seinare stadium skulle ha vore innført unntaksreglar, slik hytteeigarane kravde. Hausten 2020 erkjende myndigheitene at smitterisikoen var liten dersom dei fastsette krava blei følgde. Høgsterett kom til at staten likevel kunne legge vekt på risikoen for manglande etterleving.
Høgsterett slo fast at tiltaka greip inn i retten til respekt for heimen etter Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Tiltaka greip også inn i retten til fri kapitalbevegelse etter EØS-avtalen. Desse rettane var likevel ikkje krenkte, fordi inngrepa var rettkomne. Dette gjaldt sjølv om myndigheitene ikkje uttrykkeleg hadde drøfta forholdet til Grunnlova, EMK og EØS-avtalen da tiltaka blei sette i verk.
Høgsterett slo også fast at det var eit reelt behov for å få prøvd saka, sjølv om karantenereglane ikkje gjeld lenger. Saka reiser prinsipielle spørsmål, og avgjerda inneheld ei brei utgreiing om dei krava som må stillast for iverksetting av smitteverntiltak som grip inn i grunnleggande rettar.
Rettsområde: Smittevernlova § 1-5. Menneskerettar. EØS.
Nøkkelavsnitt: 104–106, 117–129, 139–145
Dommarar: Skoghøy, Bull, Ringnes, Arntzen, Bergh