Fosterforeldre får ikkje status som partar i barnevernssak
Høgsteretts orskurd 7. april 2022, HR-2022-729-A, (sak nr. 22-000884SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
A, B (advokat Mette Yvonne Larsen) mot C (advokat Bente Mostad Tjugum
Saka gjeld om fosterforeldre har partsstatus når retten skal avgjere om eit vedtak om omsorgsovertaking skal opphevast, og om fosterbarnet skal flyttast til far. Partsstatus vil gi fosterforeldra viktige prosessuelle rettar, som innsyn i saksdokumenta, rett til å vere til stades i rettsmøte med advokat og rett til å anke.
Høgsterett tok utgangspunkt i at det etter tvistelova berre er dei biologiske foreldra og kommunen som er partar. Deretter vurderte Høgsterett om Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 likevel skulle føre til at også fosterforeldra skal vere partar.
Jenta i saka er tre år og har budd i fosterheimen heile sitt liv. Ho er nært knytt til fosterforeldra og barna deira, og slik Høgsterett ser det, har det vakse fram eit familieliv som er verna etter EMK. Etter ei forholdsmessigvurdering er det likevel ikkje grunn til å gi fosterforeldra partsrettar. Fosterforeldre utfører ei viktig oppgåve for sårbare barn, men må vere førebudde på at fosterheimsopphaldet er tidsavgrensa. Fosterforeldre har også utan partsstatus rett til å uttale seg før det blir tatt ei avgjerd. Høgsterett vurderte at det generelt kan vere konfliktskapande dersom fosterforeldre får opptre som partar. Dette ville igjen kunne involvere barnet i fleire tvistar. Omsynet til det beste for barnet tilsa derfor at fosterforeldre ikkje får partsrettar.
Avgjerda avklarer at fosterforeldre ikkje har partsstilling ved rettsleg behandling av saker som gjeld oppheving av omsorgsovertaking og tilbakeføring av barn til biologiske foreldre.
Rettsområde: Barnevern. Tvistelova § 36-3. EMK artikkel 8.
Nøkkelavsnitt: 65, 72, 83, 86.
Dommarar: Øie, Matheson, Noer, Ringnes, Bergh