Tidlegare far fekk samvær, men ikkje foreldreansvar
Høgsteretts dom 27. april 2022, HR-2022-847-A, (sak nr. 21-146181SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot B (advokat Anders Westeng)
Ekteskapet mellom partane gjekk i oppløysing da barnet var eitt år. I fleire år etterpå budde barnet for det meste hos mannen. Dommen i farskapssaka som fastslo at han ikkje var barnefaren, blei endeleg da barnet var seks år. Da verserte allereie tvisten om foreldreansvar, fast bustad for og samvær med barnet. Etter at den sistnemnde saka var behandla i tingretten, reiste mora til heimlandet sitt, Guatemala, med barnet, der dei busette seg.
Høgsterett kom til at norske domstolar framleis har jurisdiksjon (domsmyndigheit) til å behandle saka. Det avgjerande er at saka var reist medan barnet var busett i Noreg. Guatemala deltar ikkje i samarbeidet under Haagkonvensjonen 1996.
To dommarar dissenterte. Dei meinte at norsk jurisdiksjon fall bort da barnet flytta frå Noreg.
Høgsterett kom deretter til at barnelova ikkje gir mannen nokon rettar overfor barnet, sidan han etter lova ikkje lenger er forelder til barnet. Men slike rettar kan følge av retten til familieliv i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). På dette grunnlaget blei mannen etter ei konkret vurdering tilkjend samvær med barnet. Han fekk ikkje medhald i at barnet skal bu fast hos han, eller del i foreldreansvaret.
Dommen klargjer dels kva for rettar ein tidlegare far har til eit barn, og dels vilkåra for at norske domstolar skal behandle saker der barnet flyttar frå landet.
Rettsområde: Barnerett. Barnelova §§ 34, 36, 42 og 82. EMK artikkel 8.
Nøkkelavsnitt: 45, 57, 64, 72 og 75
Dommarar: Webster, Falkanger, Falch, Steinsvik, Sæther