Vedtak om eksklusjon frå Jehovas vitne blir ikkje sett til side

Høgsteretts dom 3. mai 2022, HR-2022-883-A, (sak nr. 21-142136SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Jehovas vitner – Ski menighet (advokat René Stub-Christiansen) (Rettsleg medhjelpar: advokat Anders Christian Stray Ryssdal) mot A (advokat Per Danielsen)

Ei kvinne blei ekskludert frå Jehovas vitne fordi ho etter deira syn hadde utvist «porneia», som er eit bibelsk omgrep for seksuell umoral.

Religions- og forsamlingsfridommen, som er nedfelt i Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), gir trussamfunn ein stor grad av sjølvstende, mellom anna til å bestemme kven som skal vere medlemmer.

Høgsterett kom likevel til at eksklusjonsvedtaket ikkje var fullstendig unndratt domstolsprøving. Saka blei dermed ikkje, som Jehovas vitne kravde, avvist av domstolane. Det blei lagt vekt på at vedtaket hadde svært store personlege konsekvensar for kvinna. Jehovas vitne følger ein praksis som går ut på at medlemmer i forsamlinga, også den nærmaste familien, skal unngå å ha kontakt med den som er ekskludert.

Det følger likevel av religionsfridommen at eit vedtak gjort av eit trussamfunn med ei religiøs grunngiving ikkje kan settast til side av domstolane berre på det grunnlaget at det er sterkt urimeleg. Domstolsprøvinga må avgrensast til å gjelde om grunnleggande krav til forsvarleg saksbehandling var oppfylte, og om vedtaket var bygd på eit vesentleg uriktig faktum. Høgsterett kom etter ein konkret gjennomgang til at eksklusjonsvedtaket ikkje kunne settast til side på nokon av desse grunnlaga.

Avgjerda avklarer spørsmålet om domstolane kan overprøve vedtak i eit trussamfunn.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Trussamfunn. Tvistelova § 1-3. Grunnlova § 16. EMK artikkel 9 og 11.

Nøkkelavsnitt: 61–62, 74–75, 101, 105–106

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Kallerud, Ringnes, Bergh