Gondolbane på Voss – grunneigarar har krav på erstatning
Høgsteretts dom 16. mai 2022, HR-2022-993-A, (sak nr. 21-161694SIV-HRET), sivil sak, anke over overskjønn.
Voss Gondol AS, Voss herad (advokat Kathrine Lien Mjell) mot A, B, C, D, E, F, G, H, I, J, K, L, M, N, O, P, Q (advokat Endre Grande)
På Vossevangen er det etablert ein heilårs gondolbane som går frå Voss jernbanestasjon til fjellet Hanguren. Banen går mellom anna over eit bustadområde og over innmark, i ei høgd frå 10 meter til 60 meter. Gondolbanen har ført til redusert verdi på eigedommane og skapt ulemper for grunneigarane. Grunneigarane ønskte erstatning, men kommunen og Voss Gondol AS meinte at dei ikkje hadde partsstatus.
Om grunneigarane kan vere partar i saka om erstatning etter ekspropriasjon, er avhengig av kor langt eigedomsretten strekker seg i luftrommet over eigedommane.
Høgsterett slår fast at oppføringa av gondolbanen krenker eigedomsretten til grunneigarane, og at dei derfor har krav på erstatning, slik ting- og lagmannsretten har tilkjent dei.
Høgsterett tok utgangspunkt i at utstrekninga av eigedomsretten ikkje er regulert i lov. I meir enn eitt hundre år har det likevel vore ein føresetnad i ulike lover at eigedomsretten omfattar delar av luftrommet over ein eigedom. Det same følger av andre rettskjelder. Eigedomsretten kan ikkje visast til som ei bestemt høgd i meter, og han er ikkje uavgrensa. Det avgjerande er kor høgt grunneigaren har interesse av å utnytte eigedommen sin, ut frå ei framtidig utvikling og moglegheiter. Eigedomsretten gir også grunnlag for å nekte aktivitet der eigarane har ei rettkommen og sakleg interesse for dette. Ein grunneigar kan normalt motsette seg for eksempel føring av leidningar eller taubanar opp til vanleg høgd for slike innretningar.
Dommen gir rettleiing om utstrekning av eigedomsretten oppover.
Rettsområde: Tingsrett. Ekspropriasjon.
Nøkkelavsnitt: 55–57
Dommarar: Matheson, Bergsjø, Arntzen, Berglund, Høgetveit Berg