Avklaring av omgrepet innsideinformasjon
Høgsteretts dom 4. april 2022, HR-2022-695-A, (sak nr. 21-134824SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
SJI Equities Limited (advokat Per Magne Ristvedt) mot A, B, C, D, E, F, G (advokat Nanette Christine Flatby Arvesen) (Rettsleg medhjelpar: advokat Stig Berge)
Saka gjaldt kravet frå ein investor om erstatning for tap på aksjar frå styremedlemmene i eit børsnotert selskap som hadde gått konkurs. Investoren meinte at styremedlemmene hadde opptredd aktlaust ved at dei ikkje hadde sørgd for offentleggjering av innsideinformasjon til rett tid. Lagmannsretten frifann styremedlemmene, men Høgsterett har no oppheva dommen.
Innsideinformasjon er definert i verdipapirhandellova og ligg til grunn for mellom anna informasjonsplikta for børsnoterte føretak og forbodet mot innsidehandel. Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten hadde tolka lova riktig når dei hadde lagt til grunn at kjennskap til eit mogleg framtidig omstende berre kan utgjere innsideinformasjon dersom det er sannsynsovervekt for at omstendet vil inntreffe.
Høgsterett kom til at det er tilstrekkeleg med noko mindre enn sannsynsovervekt for at kjennskap til eit mogleg framtidig omstende skal kunne utgjere innsideinformasjon.
Høgsterett bygde særleg på ordlyden i det relevante EU/EØS-regelverket som gjeld som norsk lov, og ei sentral avgjerd frå EU-domstolen.
Dommen i lagmannsretten blei oppheva som følge av uriktig lovtolking.
Lagmannsretten vil med grunnlag i lovtolkinga i Høgsterett måtte vurdere på ny om det er grunnlag for erstatningsansvar.
Høgsterettsdommen avklarer korleis ein skal forstå eit tidlegare omdiskutert element i definisjonen av innsidehandel.
Rettsområde: Verdipapirrett
Dommarar: Skoghøy, Matheson, Normann, Bergh, Thyness