Ein kunde måtte ikkje sjølv bere tapet etter BankID-svindel

Høgsteretts dom 13. september 2022, HR-2022-1752-A, (sak nr. 22-025299SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Sparebank 1 Østlandet (advokat Olav Fredrik Perland) mot A, Forbrukarrådet (partshjelpar) (advokat Amund Noss) (Rettsleg medhjelpar: advokat Asle Bjelland)

Saka gjeld kva ansvar ein bank hadde overfor ein kunde etter at svindlarar fekk kunden til å røpe kode og passord. Dette førte til uautoriserte utbetalingar frå kontoen hennar. Tapet var på 153 240 kroner.

Etter avtalen om bankID har kunden plikt til ikkje å røpe kode og passord – heller ikkje til banken eller politiet. Hovudspørsmålet i saka var om kunden hadde handla forsettleg og derfor sjølv måtte dekke tapet.

Banken meinte det var tilstrekkeleg for å konstatere forsett at handlingane i seg sjølve var forsettlege, slik at kunden berre kunne vera ansvarsfri der villfaringa om plikta til ikkje å røpe kode og passord var unnskyldeleg. Kunden og Forbrukarrådet meinte at forsettet også måtte omfatte pliktbrotet, det vil seie at kunden måtte vere klar over at ho braut avtalen i den konkrete situasjonen som oppstod under svindelen.

Høgsterett kom til at det ut frå ordlyden i og oppbygginga av finansavtalelova § 35 tredje ledd krevst at kunden også må ha vore klar over pliktbrotet for å bli ansvarleg for heile tapet.

Under svindelen trudde kunden at ho snakka med ein representant for banken. Ho var, i den situasjonen ho blei presentert for av svindlarane, ikkje klar over at ho etter avtalen ikkje kunne gi koden og passordet til tilsette i banken. Når ho ikkje var klar over pliktbrotet, handla ho heller ikkje forsettleg. Sidan kvinna hadde vore grovt aktlaus, må ho likevel dekke ein eigendel på 12 000 kroner.

Dommen avklarer eit stykke på veg innhaldet i forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Finansavtalerett. Finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum

Nøkkelavsnitt: 50–51

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Arntzen, Bergh, Høgetveit Berg