Far har ikkje rett til samvær når mor bur på hemmeleg adresse
Høgsteretts dom 30. august 2022, HR-2022-1639-A, (sak nr. 22-036175SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Bjørn Tore Vagle) mot B (advokat Arve Røli)
Som følge av eit samlivsbrot bur eit fire år gammalt barn fast saman med mor. Dei lever på ei adresse som er sperra i folkeregisteret fordi politiet meiner det er stor risiko for at far vil utsette mor for grov vald. Spørsmålet er kva betydning sperrevedtaket har når far krev samvær med barnet.
Høgsterett slår fast at eit vedtak om adressesperre ikkje automatisk er til hinder for samvær. Domstolane må, som elles, sjølvstendig vurdere om samvær er til det beste for barnet.
Grunnlaget for sperrevedtaket kan likevel kaste lys over spørsmålet om samvær, og domstolane må ta omsyn til verknadene av sperrevedtaket i vurderinga av om samvær er til det beste for barnet. Domstolane skal ikkje sjølve vurdere om sperrevedtaket er «saklig eller tilstrekkelig begrunnet».
I saka legg Høgsterett stor vekt på at det ikkje er mogleg å gjennomføre samvær utan at det er stor risiko for at barnet på fire år utilsikta røper adressa. I vurderinga av kva som er best for barnet, blei det også tatt omsyn til helsetilstanden til barnet, mors behov for vern og fars psykiske helse. Høgsterett kom etter ei samla vurdering til at samvær ikkje er til det beste for barnet.
Det blir samtidig streka under at det at det ikkje er grunnlag for samvær no, ikkje inneber eit endeleg brot i kontakten mellom far og barn. Spørsmålet om samvær kan i tråd med reglane i barnelova vurderast på nytt når forholda endrar seg, for eksempel når sperrevedtaket fell bort.
Dommen avklarer forholdet mellom reglane om samvær og eit vedtak om adressesperring og kva eit slikt vedtak har å seie for samværsspørsmålet.
Rettsområde: Barnerett, beskyttelsesinstruksen
Nøkkelavsnitt: 49, 68, 72
Dommarar: Skoghøy, Indreberg, Falkanger, Arntzen, Sæther